Randi Engelsvold

Visesanger/skribent

Randi Engelsvold

Visesanger/skribent

Velkomen til heimesida mi. 


Litt om meg.
Eg har budd det meste av livet mitt på Jæren i Rogaland, der trea er skeive frå havsalta vind, der himmelen er høg og horisonten vid. Eg likar å tenke at dette opne landskapet påverkar oss , og at vi blir opne som mennesker, der det er høgt under taket osv. Kanskje er det bare eit håp. Som låtskriver har det blitt mange tekster som er knytt opp mot naturen, det har vert veldig naturleg for meg , - sjølv om det selfølgeleg også er låter om både draumer, håp og kjærleig m.a.

Musikkproduksjon

2011 Min første Cd "Hjarta slår sakte vals" Eg må rette ein stor takk til mitt søskenbarn Inge Engelsvold som lot meg som totalt fersk låtskriver få kome i hans studio, der han fekk inn dyktige musikere , arrangerte og produserte min første cd. Etter kvart blei det enda ein cd, og fleire singler produsert hos han. Info om mine cd-utgjevinger finn du under "mine cd'er". Der står også navna på alle dei dyktige musikere som har vert med.

2014 Frå min andre cd hatt eg stor gleda av også å bruke andre sine tekster, og albumet "Fager Draum" består i sin heilhet av dikter Sverre Telstø sine tekster. 
Dette var og ein bandproduksjon. 

2017 Album 3 vart produsert i 360MUSIC AS v Jørgen Manke (nå produsent i Storyteller Recording)
I albumet "Når månen er med". er både egne tekster/melodi, og eg har satt melodi til tekster av Ingvar Hovland, Ragnar Lillemo, Ottar Engtrø og Heidi Strand Harboe sine tekster på dette albumet. 

( All 3 album har fått terningkast 5 og kan leses på eigen side. Sjå i meny)

Eg har også gitt ut nokre singler med tekster av Heidi Strand Harboe, Martha Elisabeth Landa, og Gunvor Fritzner Bertelsen. 

Sjekk ut sida her for konserter om du vil kome å høyre oss. Nye samarbeid dukker stadig opp og inn i mellom er kombinasjonen viser og poesi på plakaten.

Musikk har kome for å bli i mitt liv. Ei venninne brukte ordet "livsbejaende" om musikk, noko eg synes var ei usedvanleg god skildring. Ein kan la seg rive med i musikkens toner, ord, rytmer og stemninger, og det seies at det er helsebringende. Det trur eg fullt og fast på. Har du lese heilt ner her seier eg tusen takk, og ønsker deg ein strålande fin dag! Randi